Det skal måndag 6 mai kl 17 til kl 04 og tysdag 7  mai, kl. 14 til kl. 18  utføras øy-drifts test med Lio kraftverk, Byrte kraftverk og Åmdal kraftverk.  Ein skal då forsyne områda Skafså, Dalen, Åmot-Vinje og Rauland  (transformatorstasjonane 66kV i Åmdal, Lio, Åmot og Libru ), med berre kraftverka Lio, Byrte eller Åmdal.

Testen vil bli å kople vekk forsyninga frå sentralnettet(300kV) i Lio og teste overgang til lokalforsyning i regionalnettet (66kV)frå eit eller fleire av dei lokale kraftverka. Det kan medføre straumutfall i dette tidsrommet.

Årsaken er for å teste reserveløysingar for straumforsyninga i området ved å betre den lokale samhandlinga.  Ein testar om dei lokale kraftverka kan vere stabile åleine i nettet, fråkopla sentralnettet i Lio.  Det er ein vidareføring og utviding av tilsvarande test i mai 2021. Dette er eit samarbeid mellom Statnett, Statkraft, RK Nett og Telemark Nett.  Beredskapstesten er initiert av Statnett.