Arealplanar
Private reguleringsplanar.
Grunneigar, rettshaverar eller andre interesserte kan fremje ein privat reguleringsplan.
Det faste utval for plansaker som er formannskapet skal
- vurdere om forslag til reguleringsplan skal setjast igang
- hjelpe til med å utarbeide planen
- behandle planen
Plankart til regulerings- og bebyggelsesplanar skal utarbeidast etter Miljøverndepartementets veiledar T 1381. Konstruksjon av digitale plankart skal utførast etter Miljøverndepartementets veiledar for digitale planer, T 1412, og plankapittelet i SOSI standarden. Miljøverndepartementets veiledar ligg under publikasjonen på nettsida http://www.planlegging.no
Miljøverndep. har vedtatt forskrift om kart og stadfesta informasjon i plan- og byggesakshandsaminga.
Krav til plankart blei vedteke i kommunestyret i sak: 07/033.
Tokke kommune har vedteke krav til private reguleringsplanar og føresegnene til desse. Ikkje alle punkt er aktuelle for alle typar saker, men dei skal vurderast.
Sist oppdatert 09.10.2009