Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / 2012

Minnemarkering 22.07.12

Det vart halde minnemarkering og avdukingsseremoni ved Elvarheim Ungdomshus på eittårsdagen for terroråtaket på Utøya og i regjeringskvartalet 22.07.11.

Ordførar heldt minnetale for Eivind Hovden og dei 76 andre ofra for åtaket. I talen sin gav ho også uttrykk for medkjensle med familien i Tinn som mista dotter si, Silje Merete Fjellbu, i åtaket.

Under den høgtidelege avdukinga av minnesmerket, retta ordførar ein stor takk til den anonyme gjevaren av kunstverket. Det vart lagt ned krans og blomar frå Tokke kommune, Tokke kulturskule og Dalen Ungdomsklubb og frå publikum.

Om lag 300 menneske hadde møtt fram for å vera saman under markeringa der musikkinnslag, blomar og faklar gav ei fin og verdig ramme.

Sist oppdatert 23.07.2012