Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Politikk / Lokalpolitikk

Lokalpolitikk

Ordførar Olav UrbøOrdførar
Personalia:

Namn:              Olav Urbø,

Født:                1965

Sivil stand:        Sambuar

Utdanning:        Elektroingeniør, Marknadsføring

Sivilt yrke:        Salssjef 

Tlf: 35075300

Mobil: 90765726

E-mail: olav.urbo@tokke.kommune.no


Tokke er ein god stad å bu. Vi er stolte over det. Anten ein er busett i kommunesenteret Dalen, Høydalsmo eller ein av dei mange livskraftige grendene. Sterke kulturtradisjonar og store industrielle endringar har forma kommunen. Brynestein frå Eidsborg var kanskje Noregs fyrste eksportindustri, gruvedrift på Åmdalsverk og Telemarkskanalen sin rolle som samferdsleåre. Tokkeutbygginga er naturleg nok den enkelthending som i dag har påverka utviklinga i kommunen mest. Store naturinngrep, arbeidsplassar, industriutvikling, kommunal og privat velferd. 

Vi har fått mykje og ofra mykje. Det er difor eit heilt legitimt krav at lokalsamfunnet og i framtida skal ha sin rettmessige del av desse store verdiane.

I dag står Tokke fram som eit livskraftig samfunn med eit variert næringsliv. Ein av dei største industrikommunane i Telemark i høve til folketalet. Samla sett kan ein difor tilby ein rekkje spanande jobbar.

Vi har alle eit felles ansvar for å utvikle dette vidare og at folk trivast og er engasjerte. Dette er viktig for oss som bur her, og for folk som ynskjer å flytte hit. Vi ynskjer å dele dette med mange andre. 

Kort avstand mellom innbyggjarar, politikk og administrasjon er viktig. Det har vi i Tokke.

Kommunen sine nettsider er den største kjelda til kommunal informasjon og alt anna som rører seg i kommunen. Her har vi alle eit ansvar for at sidene til ein kvar tid er så bra som mogeleg.

 

Med venleg helsing


Olav Urbø

Ordførar i Tokke

Sist oppdatert 17.11.2008