Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Bygg og teknikk / Nye energikrav til bygg

Nye energikrav til bygg

Frå 1. aug 2009 er det ikkje lenger lov å søkje etter dei "gamle" energikrav til bygg. Alle byggesøknader og meldingar skal vere prosjektert etter dei gjeldande reglane

01. feb. 2007 vart nye energikrav vedtatt, men med overgangsreglar der ein kunne søkje etter dei gamle krava fram til 1. aug. 2009. Alle byggesaker som kjem inn no, skal vere prosjektert etter dei nye energikrava.

Målet med dei nye krava er å redusere energibruken i bygningar med 25%, og dette medfører at ein må stille store krav til materialbruk og inneklima.

Aktuelt:
Temavegleiar om dei nye energikrava
B-nytt om Energitiltak i småhus

Frå 1. jan. 2010 vert den nye bygningsdelen i Plan- og bygningslova gjeldande. Det vert strengare krav til miljø og energibruk, meir bruk av uavhengig kontroll og byggetilsyn. Meir om ny lov

Sist oppdatert 04.08.2009