Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Til abonnentane innanfor Lårdal vassverk

VATNINGSRESTRIKSJONAR. I forsyningsområdet er det eit høgt vassforbruk. Både om dagen og om natta. I tilegg til høgare vassforbruk p g a vatning er det og ein vasslekkasje som etaten ikkje har klart å finne.

Dersom nokon av abonnentane får mistanke til susing i kummar eller liknande bed ein dykk ta kontakt med arbeidsformannen, tlf 99202510. eller ein driftsoperatør.

Med umiddelbar verknad vert det innført vatningsrestriksjonar for abonnentane innanfor Lårdal vassforsyningsområde.

Abonnentane som har nedan for nemnde adresse kan vatne på følgjande dagar:

  1. Tirsdag og fredag: Lårdalsvegen frå og med 1035 til og med 1099.
  2. Onsdag og laurdag : Lårdalsvegen frå og med 1108 til og med 1132 og Hagadokki.
  3. Mandag og torsdag : Saurlandsvegen og Talleiv Røyslands veg.

For alle gjeld:

Ø Vatning mellom kl 18.00 til kl 22.

Ø Vatning med ein liten spreiar pr abonnent inntil 2 timar pr dag.

Ø Vatning m ed open slange forbode.

Ø Utanom vatningstida skal hageslangen vere fråkopla.

Tokke kommune, Teknisk etat. 09.07. 2010

Sist oppdatert 09.07.2010