Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Huvestadvegen er stengt for gåande og syklande.

På grunn av rasfare er Huvestadvegen stengt for gåande og syklande. Bruk gang og sykkelveg. All køyring med bil bør haldast på eit minimum. Nye meldingar vil kome når det skjer endring i rasfare.

Oppdateringar ras i Talleiv Huvestadsveg

Etter hendingane i går 29.06 har det ikkje vore registrera nye ras i område. Område er skilta med rasfare og mjuke traffikantar vert oppmoda om å nytte gang- og sykkelvegen over Tokkeåi og til skuleområde.

Teknisk etat og NGI (Norges geotekniske institutt) var på ei synfaring 29.06 og drøfta tiltaka som er iverksett. NGI minner om at sist me hadde stor rasaktivitet i område varte dette i fleire månader. Det er noko usikkert om rasaktiviteten no skyldast kun dei store nedbørsmengdene eller om me kan forvente fleire ras sjølv om nedbøren skulle avta. Teknisk etat oppmodar difor framleis bebuarar og andre i område om å nytte vegen så lite som råd ei stund framover.

Det er høve for parkering på skuleplassen for bebuarar på huvestad.

Gåande og syklande må nytte gang og sykkelvegbruer for ferdsel til Dalen sentrum og Vistad.

Torsdag 30.06.2011

Det har ikkje vore noko aktivitet som er observera siste døgnet. Teknisk etat og politiet har drøfta situasjonen og me oppmodar publikum om å vise aktsemd i område ei tid framover. Gåande og syklande må nytte gs-vegen over til skulen. Elles bør ein minimere køyring gjennom området.

Fredag 01.07.2011

Det har ikkje vore registrera nye ras i område siste døgn. Tokke kommune har hatt vakthold i område for å hindre gåande og syklande. Dette vert no avslutta i samrå med politiet. Det er bestilla skilt som vert sett opp med forbod mot gåande syklande - desse har ikkje kome så i mellomtida har teknisk laga provisoriske skilt. Tokke kommune kjem til å skilte med forbod gåande syklande eit par månader framover. Vonar at publikum respekterar dette slik at me reduserar risiko for alvorlege uhell. Det kjem ikkje til å informerast vidare no på heimesida om det ikkje skulle skje noko rasaktivitet framover.

Teknisk sjef

Relaterte saker i media:

NRK-østafjells

Varden

TA

Sist oppdatert 01.07.2011