Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Bygg og teknikk / Byggesaker / Radon i bygg

Radon i bygg

Radon er radioaktiv stråling frå grunnen, og kan forårsake lungekreft. Nær 1/2 mill nordmenn bur i bygg med for høge radonkonsentrasjonar. Det er enklelt å førebygge mot radon når ein bygger nytt, men det finns sjølvsagt tiltak for eksisterande bygg.

Geologien i Tokke gjer at et mange stader er fare for innsig av radon frå grunn til hus, noko som er lite heldig.

I nybygg for opphald bør ein leggje radonfolie/radonstopp. Å førebygge mot radon er mykje enklare og rimelegare enn å gjere tiltak seinare. Radonfolie er enkelt, og ei rimeleg forsikring mot radon i bustad/fritidsbustad.

Det er særleg på gneis, granitt og lausmasser at radonfaren er til stades. Via http://www.ngu.no/kart/bg250/ kan du finne om berggrunnen, og via http://www.ngu.no/kart/losmasse/ om lausmasser. Av lausmasser er det tjukk morene og breelv- og bresjøavsetningar som har størst sjanse for å avgje radon.

Les meir om radon og førebygging på:

Statens strålevern - tiltak
Radon - temavevleiing frå Staten Bygningstekniske etat
Godkjent radonfolie – RadonStop 400
Statens strålevern - radon i inneluft

Sist oppdatert 22.01.2009