Ledige tomter
Tokke kommune har 35 ledige regulera tomter i kommunale bustadfelt som er ferdige opparbeide. Tomter som er 10 år og eldre vert gjevne bort gratis.
Det er fire regulera felt på Dalen som er Vistadmoen,Huvestad, Huvestadodden og Buøy. Elles er det eit felt i Åmdals Verk, Høydalsmo og Lårdal. I feltet på Huvestad ( Hakesflot vest) vert tomtene selt for kr.67000,- pr.tomt i 2011 etter indeksregulering.
I det nye feltet i Åslandsreinane ver fylgjande ledige tomter selt for: A1, A2 og A3 for kr.153000,- pr.tomt. A4, A5, A6 og A7 for kr.122500,- pr.tomt. Med indeksregulering frå 01.01.2011. I tilleg kjem anleggsbidraget frå VTK, oppmålingsgebyr og dok. avgift. (Anleggsbidraget pr. bustadtomt er på kr.35700,-)
Ute i grendene ligg det ledige tomter i Byrte, Mo, Skafså og Austheia.
Det er tre ledige industirområde i Tokke, Høydalsmo, Vistadmoen og Haugsevje.
Ledige hyttetomter i TokkeInnløysing av hyttetomter.
Tokke kommune har opna for innløysing av festetomtene på eigedomen Brokkeheien, gnr.123, bnr.7.
På Fyrå har det vore mogleg å få løyst inn tomtene sidan 1999 på inntil 1200m2 for kr.55000,- pr.tomt..
I feltet ved Hallbjønnsekken vest, aust for turistsentert, gnr.123, bnr.56 blei det opna for innløysing på tomter inntil 900m2 for kr.70000,- pr.tomt.
I f.sak. nr.06/122 blei det vedteke.
”Frå 01.01.2008 blei alle tomtene på eigedomen Brokkeheia, gnr.123, bnr.7- inkludert Fyrå indeksregulert.”
- Oversikt over hyttefeltet på Fyrå. Last ned kart her.
- Oversikt over hyttefeltet aust for Hallbjønnsekken Vest. Last ned kart her.
Pr. 01.01.2011 er prisen pr tomt i Fyrå kr.59500,- og aust for turistsenteret kr. 75500,-
Sist oppdatert 25.02.2011