Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Nye reglar for bustønad

NAV informerer: Bustønad er ein statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter.

Fleire kan få bustønad frå 1.juli

Bustønad er ein statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Nye reglar gjer at mange fleire vil ha rettighetar etter denne ordninga frå 1.juli i år. Bustønad er ein rettighet, og det er enkelt og ubyråkratisk å søke. Husbanken forvaltar ordningen, men det er kommunen som mottek og handsamar søknadane.

Kven kan få bustønad?

Har du høge buutgifter og låg inntekt, kan du kvalifisere for bustønad. Alle over 18 år kan få støtte, med unntak av studentar utan barn og militære. Desse har egne ordningar.

Bustaden du søker bustønad for må vere ein godkjent heilårsbustad. I tillegg må det vere ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkkenfunksjon og eigen inngang. Dersom du leiger eit rom i ein annans bustad, kvalifiserar du ikkje for bustønad.

Storleiken på bustønaden er tilpassa dei reelle utgiftene og inntektene i husstanden. Stønaden aukar når utgiftene aukar og vert mindre når inntektene aukar, men det er ein nedre og ein øvre grense for kor mykje stønad du kan få. Du må betale ein del av buutgiftene sjølv. Storleiken på denne eigenandelen er avhengig av husstanden si samla inntekt. I buutgiftene inngår husleige, fellesutgifter i burettslag, renter, avdrag og vanlege gebyr på bustadlån samt ein del andre utgifter for dei som bur i einebustad.

Behovsprøving

Bustønaden er behovsprøva, og det er skattbar inntekt frå siste tilgjengelege likning som vert lagt til grunn. Frå 1. juli aukar både grensene for kor mykje ein kan tjene, og maksimalt beløp ein kan få utbetalt. Alle som har låg inntekt og høge buutgifter bør difor ta kontakt med NAV Tokke for å høyre om ein kan vere støtteberettiga for bustønad.

Søknad

  • Søknadsskjema for Bustønad får du ved å ta kontakt med NAV Tokke, eller på Husbanken sine nettsider, www.husbanken.no. der du og kan laste ned søknadsskjema og få meir informasjon.
  • Søknad med dokumentasjon sendast: NAV Tokke, Sentrumsbygg, 3880 Dalen
  • Telefon 35 11 37 00
  • Søknadsfristen er den 14. i kvar månad. Bustønaden vert utbetalt ca. den 10. kvar månad.

Sist oppdatert 07.07.2009