Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Kultur og fritid / Tilbod til barn og ungdom

Tilbod til barn og ungdom

Ungdomsklubb

Tokke kommune har ein kommunal ungdomsklubb på Elvarheim ungdomshus på Dalen som har dette tilbodet: Datarom m/internett, biljard, diverse spel, TV m/DVD og spel, dansehjørne.

Klubben er open for ungdom frå 8. klasse og oppover. Det er ingen fast øvre aldersgrense, bare reglane i klubben blir haldne, særleg i høve rus. Klubben er open måndag, tysdag, torsdag og fredag frå 01. september til 31. mai.

Me har 71,54% faste stillingar i klubben fordelt på klubbleiar i 50% og to klubbarbeidarar med 10,77% kvar. Tor Øystein Gravdal er klubbleiar og Ole Severin Flønes og Frans van Dinther har klubbarbeidarstillingane.

Kontaktperson: 
        Klubbleiar: Tor Øystein Gravdal
        Tlf: 97 53 98 09/ 35 07 74 91
        Tlf Elvarheim: 35 07 70 45
        E-post: elvis@tokke.kommune.no

Rockeverkstad

Scenen på Elvarheim er sett i stand til ein fullt utstyrt rockeverkstad der instrument kan stå trygt framme mellom øvingane (Det er låsbar gitterport i sceneopninga).

Rockeverkstaden er ein aktivitet under ungdomsklubben. Open fredag kl. 1900-2200 og elles etter avtale med klubbleiaren.

Miljøarbeidar

Kulturetaten har i samarbeid med helse-og sosialetaten, ei 40% stilling som miljøarbeidar. Målgruppa er ungdom frå 16-20 år. Tor Øystein Gravdal vart tilsett i stillinga 01.09.07.

Bygdekino

Bygdekinoen har framsyning for tida på Elvarheim og Høydalsmo sammfunnshus.

Sist oppdatert 02.01.2008