Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Tokkebuen er sulten på kultur

Nær tusen besøkende var innom Tokke kulturhus i løpet av opningshelga.

Programmet var variert med blant anna teater, konsertar, kino, bading i Tokkebadet, ope bibliotek, omvisning og servering.

Fredag var den store dagen då Tokke si nye storstove vart opna. Mange inviterte og omkring 100 som hadde meldt seg på, totalt ca 240 var samla til snorklypping av Ordførar Olav Urbø. Deretter var det omvising i huset, og god tradisjonsmat, i regi av Bodil Nordjore. Mange flotte kulturinnslag frå Tokke kulturskule og flotte talar. fyrste kveld i Tokke kulturhus vart avrunda ved midnatt.  
 
 
         
Laurdagen var det Ope hus. Med eit fantastisk vær hadde mange Tokkebuarar tatt turen til Dalen, og Tokke kulturhus. Det flotte Tokkebadet med Kulpen vart opna av Næringssjef Nils Gjerde med symjedyktig Ordførar, Varaordførar og Rådmann. Utover dagen var det teaterframsyning med Grenland friteater, presentasjon frå deltakarar på Ungdomens kulturmønstring og illdåp av den nye Kinoen. Det vart servert kaker, kaffi og kald drikke for alle.
Sundag var det eldredag Eit fantastisk frammøte. Gjertruds Sigøynerorkester hadde konsert for dei eldre. Det verka som om alle hadde ein svært triveleg dag på kulturhuset.  


Tysdag neste veke vert det arrangert Kulturkafè med Tokke songlag, Tusen stjerner, Tokke skulemusikk, Høydalsmo og Lårdal skulekorps og Vest – Telemark musikkorps, torsdag viser kinoen filmane "Varg Veum -Falne engler" og "Shine a Light" og fyrstkomande sundag blir det høve til å oppleve Odd Norstoga Trio.

Alle foto: Astrid Hegglid

Sist oppdatert 20.04.2008