Næring
Naturressursane har gjeve og gjev mykje næring i Tokke kommune. Skogbruk, jordbruk og vasskraft er hjørnesteinar for liv og utvikling i kommunen vår.
Store internasjonale konsern som ABB og Scana har avdelingar på Dalen, i tillegg til lokalt eigde Dalen Mekaniske AS og ViTo kompetanse AS. Dette gjer Tokke til ein moderne industrikommune.
Statkraft har kraftverk i kommunen og administrasjonsbygget for Region Øst ligg på Dalen i Tokke kommune. Vest-Telemark kraftlag har hovudsete i Høydalsmo.
Reiseliv veks år for år. Dalen Hotel er internasjonalt kjent, m.a. gjennom TV-program og tildeling av den internasjonale prisen: Europa Nostra. Kultur er eit satsingsområde for utvikling av reiselivet gjennom fleire større museumsanlegg. Vest-Telemark Museum og Eidsborg Stavkyrkje, Grimdalstunet og Åmdals Verk Gruver er nær knytt til reiselivssatsinga.
Jordbruket lever i beste velgåande i kommunen og brukarane er opptekne av husdyrhald og kulturlandskap. Talet på sauer produksjon av gras held seg oppe sjølv om talet på gardbrukarar går noko ned.
Sist oppdatert 03.06.2010