Pressemelding elgjakta 2011
TOKKE KOMMUNE
NÆRINGSAVDELINGA
PRESSEMELDING.
Årets elgjakt er avslutta og elgjegerane i Tokke kan slå seg på brystet og sei, vel utført .
Løn for vel utført jobb er ei elgstamme i godt hald og garanti for at ein også neste å kan reise til skogs å plukke ut både store å små dyr og i same antall som dei 3 siste åra.
Kommunen gav ei kvote på 231 dyr og det vart felt 202 dyr. Det er ein fellingsprosent på 87 %.
Det er 3 dyr meir enn i 2010. Fellingsprosenten då, var 83 %. Det vart då felt 199 dyr av ei kvote på 239 dyr.
Fordeling på alder og kjønn er god . Når det gjeld kalv og ungdyr vart det felt 39 (37 )% og 16(19) % . Eldre kyr 16(17) %. I høve hodyr –hanndyr 43(42) – 57(58). Dersom vi ser på kjønnsfordelinga på kalv, så er den 20 % oksekalv og 18 % kukalv.
Vi har felt 55% kalv og ungdyr. I 2010 var dette 56%.
I høve til skadeskyting er vi godt nøgde, når ein ser storleiken på kvota. Her vil ein alltid kunne bli betre, og vi ha fokus på dette med skadeskyting, heile tida.
Vi oppmoda jaktlaga til å felle små uproduktive dyr . Det ser vi på vektene er litt begge delar, men det var og forventa. Vi skyt no om lag tilveksten i stamma. Betre avskyting trur vi knapt det går an å få til, når fleire hundre jegerar skal samhandle.
Tokke kommune er atypisk i høve til korleis vi forvaltar elgstamma. Vi har ei fin stamme med rimeleg god utvikling.
Vi ser at kvotene dei siste åra er tilveksten ,og vår kunnskap om å sparer på produksjonsdyra og skyt hardt på kalv gjev oss den stamma vi har i dag.
Slik vi kan vurdere elgstamma i dag, etter ”sett elg ” skjema for 2011, så har vi ei elgstamme pr. 31.12.11 som er om lag som sist år. Det varierer litt rundt forbi, men tala seier svak oppgang. Målet vårt er ein liten nedgang over tid.
Kvota no, ser ut til å vera rundt tilveksten. Det vi ser er ein liten variasjon på ulike jaktlag. Tilbakemeldinga er at vi i jakta hadde rovvilt innanfor nokon jaktlag. Det gjorde at dei streva meir enn vanleg for å fylle kvota.
Produktiviteten målt i sett kalv pr. kalvku held seg stabil . Trass i ein hard vinter fekk vi eit år med god kalvproduksjon.
Minstearealet pr. i dag er 2.500 da. Vi ser i dag ingen grunn til å endre dette. Sett elg står sentralt i desse vurderingane. Dette er ikkje eit eksakt verktøy, men vi har tala frå 1987 og fram til i dag. Når vi ser bakover har desse talla har gjeve eit godt bilete av utviklinga av elgstamma i Tokke i desse åra. Derfor held vi fast på dette som vårt viktigaste verktøy.
Når det gjeld beite, så ser vi at skogbruket endrar seg og hogsten held seg på eit lågt nivå. Det vil og vera med å bestemma stamma sin storleik i åra framover.
Fellingsresultata og ”sett elg ”for 2011 vil bli lagt ut på heimesida til Tokke kommune. Elles fin det tala for kvar jaktlag , både sett elg og vekter og avskyting på : www.hjortevilt.no .
Dalen 20. desember 2011
Sverre Bakke
skogbrukssjef
Sist oppdatert 20.12.2011