Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Næring / Arkiv 2008

Portrettintervju av Ivar Haukelidsæter

Turistkontoret fekk i august 2008 gjort opptak med Ivar Haukelidsæter der han fortel om bolkar av livet sitt. Intervjua er gjort av Olav Høgetveit. Materialet ligg tilgjengeleg på videoarkivet.no som er eit arkiv av filmar med historisk interesse.

Rui Foto: Anne Midjås

Ivar Haukelidsæter vart fødd 30.09.25 i Vågslid i Vinje. Familien flutte til Dalen i 1938 og busette seg på Lastein der dei dreiv med slakteri og kjøtbutikk.
Ivar byrja jobbe på Victoria og Innland i 1943. Seinare arbeide han og på Telemarken og Norsjø.
Han arbeide sommrane på båtane i mange år. I tillegg var han på lensa og i Tokkeåi å flutte timmer.
Under krigen gjette også Ivar sauer og kyr oppe på Skafsåheia og Vistadheia.
I 1948 reiste han på kvalfangst fyrste gong. Han vart verande med dette yrket i 14 år. 
I 1955 gifte Ivar seg med Lisette frå Nederland og same året vart Lastein ekspropiert grunna Tokkeutbygginga. 
Lisette ynskte å bygge ved sidan av Rui.  Ho ville kome litt opp frå Dalen for så å få utsikt til Bandak. Samstundes vart dei nabo med Rui-jentune som allereie var deira gode vener.
Etter at boka om Rui-jentune kom ut vart dette ein kjent plass for mange og i dei seinare åra har turiststraumen hit vore stor. I 1993 overtok Åsmund Haukelidsæter, son av Lisette og Ivar, Rui-plassen.
Ivar har vore trufast på Rui med slåmaskin og ryddesag i mange år. Han har tatt i mot mykje turistar for så å  fortelje om tida då Rui-jentune livde.  
 
 

Sist oppdatert 27.11.2008