Velkomen Therese Hauger
Torsdag 1. Oktober 2009 var vår nye rådmann Therese Hauger på plass.
Fyrste dag i ny jobb vil sjølvsagt vere full av nye inntrykk og spanande møte med nye andlet. Introduksjon i høve tilsette på etatane og arbeidet på dei ulike avdelingane på kommunehuset vart runda av med litt mat i kommunestyresalen. Therese Hauger sa i si tale at ho såg fram til å arbeide i Tokke kommune. Ho var stolt av kommunen og gledde seg til å ta fatt på oppgåvene som låg framom ho. Det vert mykje arbeid og hardt arbeid, men, sa ho, i desse prosessane var ho oppteken av mennesket og godt samarbeid og det å bli gode saman. Ho ynskjer å bli kjend med kommunen og dei tilsette så raskt det let seg gjere i løpet av hausten og ho ynskte ein open kontakt med dei tilsette.i kommunen..
Dei tilsette ynskjer rådmann Therese Hauger lukke til og seier velkomen til kommunen vår.
Sist oppdatert 01.10.2009