Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Jubilantar i Tokke kommune

Den 19.desember vart det halde jubilantfest for 25-årsjubilantar og årets pensjonistar i Tokke kommune. Tilstades på festen var også jubilantane og pensjonistane sine leiarar, rådmannen representert ved personalsjef, og ordføraren.

Den såkalla Bjønnefesten vart halde på Dalen Kro, der det blei servert tre-retters middag og delt ut blomar, gåver og halde taler for jubilantane og pensjonistane. Alle 25-årsjubilantar får ein bjønnestatuett i bronse med inngravert namn og årstall, derav namnet Bjønnefest.

Tilstades på festen var følgjande jubilantar og pensjonistar:
Jubilantar Tokke kommune 2011

Foran frå venstre: Pensjonistane Herfinn Haugsevje, Tokke skule og Olav S. Døli, Åmdals verk oppvekstsenter.
Bakre rekke frå venstre: 25-årsjubilantane Gudny Nygård, Teknisk etat, reinhald, Ragnhild Setalid, Tokke helsesenter, Martha T. Taraldlien, Heimetenesta, Laila A. Heimdal, Dalen barnehage, Hilde Kollberg, Høydalsmo skule SFO, Tove Ljosdal, Høydalsmo barnehage og Ida B. Kleve, biblioteket Lårdal, samt ordførar Hilde Alice Vågslid.
Jubilantane Karin Brattestå, Tokke skule, og Kjell Rune Berglie , Åheim bufellesskap var ikkje til stades.

For ein kommune er det viktig å ha både fornying og stabilitet i arbeidsstokken. Nytt blod inn er bra, og samstundes er det viktig at nokon står for kontinuitet og stabilitet over tid. Tokke kommune er takknemleg for den lojalitet og arbeidsinnsats som jubilantane og pensjonistane har vist - og visar - kommunen, og ynskjer alle lukke til vidare!

Sist oppdatert 18.01.2012