Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Tenester / Skular, barnehagar og skulefritidsordningar / Skule- og barnehageruta i Tokke for 2010/2011

Innspel til arbeidet med å vurdere barnehage- og skulestrukturen i Tokke

Frist for å koma med innspel i fyrste fase er 19.aug

 

Fylgjande lysing vart sett inn i VTB, TA og Varden i veke 23, 2010:

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED VURDERING AV BARNEHAGE- OG SKULESTRUKTUREN I TOKKE KOMMUNE

Frist for innspel fase 1 - 19.aug 2010.

Kommunestyret i Tokke har vedteke at barnehage- og skulestrukturen i kommunen skal opp til vurdering.

Eventuelle endringar i skulestrukturen skal vedtakast av kommunestyret i form av ei ny forskrift om skulekrinsgrenser i kommunen.

Arbeidet er tenkt gjennomført slik:

Fase 1 (juni – aug):

Open innhenting av synspunkt og forslag til nye krinsgrenser.

Frist for innspel 19.aug.

Fase 2 (aug – okt):

Rådmannen utarbeider forslag til ny forskrift med fleire alternativ innan 10.sept.

Forslaget til ny barnehage- og skulestruktur vert lagt ut til høyring og handsamast av dei formelle organa i barnehagar og skular (oppvekstsenter).
Forslaget vert lagt fram på opne foreldremøte i krinsane i veke 40/41.

Frist for innspel og høyringsfråsegner til rådmannens fyrste utkast til ny struktur er 21.okt.

Fase 3 (okt – nov):

Rådmannen legg fram endeleg forslag til ny forskrift for politisk handsaming primo nov 2010, og kommunestyret handsamar forslaget 30.nov.

Nærare informasjon om denne saka, høyringsfråsegner og andre dokument vert etter kvart lagt ut på Tokke kommune si heimeside: www.tokke.kommune.no

Rådmannen

Innspel kan sendast til:

Tokke kommune, 3880 Dalen eller obb@tokke.kommune.no

Sist oppdatert 10.06.2010