Tilstandsrapport for grunnskulen i Tokke for 2009
Opplæringslova pålegg alle skuleeigarar å utarbeide ein årleg tilstandsrapport.
Det er fastsett i opplæringslova at skuleeigar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i skulen. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit medvite og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er naudsynt for å følgje opp utviklinga av etaten på ein god måte. Tilstandsrapporten skal difor drøftast i kommunestyret, jf. Opplæringslova § 13-10 andre ledd. Han skal gje kommunen grunnlag for å evaluere utdanningstilbodet i kommunen og såleis vurdere kvalitet og kvalitetsutvikling.
Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med lokale indikatorar ut i frå lokale behov.
Vidare er det slik at me skal bruke data frå Skoleporten for vurdering av tilstanden. I Stortingsmelding nr. 16 (2006-2007) går det fram at tidleg innsats er vesentleg for å betre ferdigheiter og utvikling hos elevane. Kartlegging av ferdigheitsnivå til elevane må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå fyrste stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er sentral. Data i Skoleporten inneheld ikkje tal kring spesialundervisning. GSI og KOSTRA er difor bruka som kjelde for å hente inn data på dette området.
Plikta til å skrive tilstandsrapport er heimla i opplæringslova § 13.10 frå skuleåret 2009/2010. Skuleeigar står sjølvsagt fritt til å utvide innhaldet i tilstandsrapporten med fleire lokale indikatorar frametter, men sidan dette er fyrste gongen me skriv slik rapport, har me i utgangspunktet vald å nytte malen for rapportering som ein finn i Skoleporten. Av rapporten vil det gå fram når lokale indikatorar er valde.
Tilstandsrapporten er delt i tre hovuddelar:
• Elevar og undervisningspersonale
• Læringsmiljø (på bakgrunn av elevundersøkinga)
• Resultat (på bakgrunn av Nasjonale prøver, eksamens- og standpunktkarakterar og grunnskulepoeng)
For å gje skuleeigar høve til å setje informasjon, tal og fakta inn i ein samanheng kor samanlikning er relevant, har me vald å byggje opp presentasjon slik at me samanliknar på følgjande måte:
• Geografisk (lokal, regional, nasjonal)
• Periode
• Kjønn
Likevel kan rapporten nokre stader sjå mangelfull ut. Det heng saman med personvernet. Tala frå Skoleporten kan i nokre samanhengar i små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan vere teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova § 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova § 2 nr. 1
Tilslutt seier rapporten også noko om grad av gjennomføring og overgangen til vidaregåande skule.
Tilstandsrapporten er meint å skulle vere ei plattform og eit godt verkty for vidare utviklingsarbeid i grunnskulen i kommunen. Samarbeidslæring mellom grunnskulen, skuleeigar og kultur- og oppvekstetaten bør kunne leggje vegen open for utvikling av mange målbare lokale indikatorar som etter måten kan gje både aktørar og brukarar eit eigeforhold til tilstandsrapporten som utviklingsverkty.
Sist oppdatert 23.06.2010