Vurdering av barnehage- og skulestrukturen i Tokke - mandat for arbeidet
I samband med budsjettvedtaket for 2009 vedtok kommunestyret at barnehage- og skulestrukturen i kommunen skulle vurderast. Nærare mandat for arbeidet vart vedteke den 27.april 2010.
Vedtak i Tokke kommunestyre 27.april 2010
Vurderinga av skulestrukturen i Tokke – jf kommunestyrevedtak i sakene 08/078 og 09/058 gjennomførast etter fylgjande mandat:
- Føremålet med vurderinga av barnehage-, skule- og oppvekstsenterstrukturen er å oppnå minimum kr 1 500 000,- i årlege reduserte driftsutgifter rekna frå 1.aug 2011.
Omsynet til elevane sitt læringsmiljø og sosiale miljø skal leggast mest vekt på i vurderinga, medan dei breiare samfunnsmessige omsyn vurderast av kommunestyret til slutt.
- Arbeidet gjennomførast i tråd med opplæringslova § 8-1, og skal munne ut i forslag til ny kommunal forskrift om opptaksområde for barnehagane og skulane i Tokke. Forslaget skal innehalde retningsliner for korleis søknadar om skulebyte skal handsamast.
- Fylgjande alternativ (eller i kombinasjonar) skal handsamast med omsyn til borna/elevane sitt læringsmiljø, sosiale miljø og økonomi:
- Vurdering av reduksjon til 2 skule- og barnehagekrinsar i kommunen – Høydalsmo og Dalen, og vurdere om båe skal ha ungdomsskuletilbod.
- Vurdere flytting av mellomstega (5-7.klasse) ved eitt eller fleire oppvekstsentra til høvesvis Tokke og Høydalsmo skular.
- Vurdere nedlegging av eitt eller fleire av kommunen sine oppvekstsentra. Det skal i så fall vurderast om barnehagen skal halde fram.
I alternativa ovanfor skal den administrative organiseringa ved kvar eining og samla for kommunen vurderast. Dette femner òg om bemanninga på kultur- og oppvekstetaten i kommunen samt rektor og inspektørs avsette tid til administrasjon og merkantile ressursar på kvar skule.
Konsekvensar for SFO-tilbodet skal òg vurderast.
- KO-utvalet er referansegruppe for arbeidet med å vurdere ev forskriftsendring av opptaksområda for barnehagar og skular.
Andre sentrale og lokale folkevalde bør medverke i samband med grendemøte og liknande, og det vert gjeve reise- og møtegodtgjersle som for kommunestyre-møte ved slik deltaking.
Formannskapet som økonomiutval skal ha høve til å uttale seg før saka vert lagt fram for kommunestyret til endeleg avgjerd.
Sist oppdatert 10.06.2010