Velkomne til Åmdals Verk Oppvekstsenter - ÅVOS.
ÅVOS ligg på Åmdals Verk, ei bygd som vaks fram på grunn av malmfunn kring 1690. Kopargruvene vart lagt ned for godt i 1945, men har no museum og gruvevandring som er ope for publikum.
Oppvekstsenteret er fint plassert midt i bygda med eigen skog som del av leikeområdet. Attmed oppvekst-senteret er det fotballbane og lysløype. Elevane ved ÅVOS har i samarbeid med Åmdal IL, planlagt og bygt ut nærmiljøanlegg med skileikområde og ballbanar. Rett ved er flott turterreng med kort veg til fiskevatn, sopp- og bærskog. Vi har eit trygt miljø der barn, foreldre og tilsette trivst godt.
ÅVOS inneheld barnehage, skule og SFO med rektor som felles leiar. Det er 25 barn i skulen og 11 barn (18 plassar) i barnehagen. Barna er organisert i tre aldersblanda grupper, barnehagen, småsteget og mellomsteget. Skulekretsen femner om grendene Bandaksli, Austheii, Krossli og Åmdals Verk. Det er for tida 8 tilsette i skule og barnehage.
ÅVOS har gjennom mange år hatt fokus på entreprenørskap, og vi har laga progresjonsplan frå barnehage til 7.klasse. Aktive barn i eiga læring med stor medverknad i planlegging og gjennomføring, mykje bruk av nærmiljøet som læringsarena, elevbedrifta Steintøff, samt partnarskapsavtale med Vest Telemark Museum om drift av Åmdals Verk Gruver, er viktige element i entreprenørskapsarbeidet vårt.
"Tidleg innsats" er eit anna fokusområde, og som ein del av satsinga på det, har vi laga progresjonsplanar innan fleire andre område. Vi har og gode opplegg og tiltak som gjev barna ein trygg overgang frå barnehagen til skulen.
Barn kan og vil berre vi slepper dei til.