Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune

Mange til ÅVOS for å lære om entreprenørskap i skule og barnehage.

Sidan februar har Åmdals Verk oppvekstsenter hatt vitjing av fleire prosjektgrupper som ynskjer å lære om entreprenørskap i skule og barnehage.


Elevane er hovudaktørar under vitjingane. Dei presenterer korleis arbeidet med entreprenørskap er ein del av kvardagen deira gjennom arbeidsmåtar og læringsaktivitetar, dei lærer bort korleis ein kan starte elevbedrift, tek gjestene med på omvisning i museum og gruvene, og dei serverer lunsj.

Største gruppa var 25 rektorar, lærarar og tilsette i kommuneadministrasjonen i Ikast- Brande kommune i Danmark. Dei var på viting 27.03.

Gjestene var ut frå tilbakemeldingar frå Kerstin Laue i entreprenørskap Telemark, imponerte over det dei opplevde. Ho skriv i epost: Tusen takk for at dere tok i mot danskene - de var stor fornøyde!! Jeg gir herved videre den fineste komplimenten - "nå gleder vi oss å komme hjem, kan nesten ikke vente, vi ble så inspirert av det vi fikk oppleve at vi har lyst til å gripe fatt med en gang!" Så tusen takk til dere - og ikke minst elevene, spesielt Steintøff-gjengen.

22. april kjem ei gruppe med tilsette i barnehage og skule frå Oppdal kommune i Sør Trøndelag. Dei ynskjer inspirasjon og idear for å lage ein tiltaksplan i entreprenørskap frå barnehage til 7.trinn.
 
 
 
 



Sist oppdatert 25.04.2008