Velkomne til Høydalsmo skule
Høydalsmo skule er ein mellomstor skule etter Vest-Telemark-standard. Me har 60 elevar fordela på 10 trinn. Barneskulen er i år 3-dela, mens ungdomsskulen er 3-dela. Skulen ligg eksepsjonelt flott til med naturen rett utafor glaset. Me har tilgang til vatn med strond, sandvolleyballbane, fotballbane med løpebane og eit flott terreng til turar, orientering og ski. Skulen har eit godt og trygt miljø som elevar og lærarar trivast i.

Høydalsmo skule har eit ekstra fokus på basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Faglærarane har 4 elevsamtaler i året retta mot desse faga. Alle elevane på skulen har eige arkiv kor skjema frå utviklingssamtala og satsingsområde for kvar einskild elev er samla.
Helsing Dordi