Aktuelt frå rektor

 Hei!

I haust har elevar, føresette og tilsette ved Høydalsmo skule utarbeida kjerneverdiar saman. Eg er svært nøgd med å presentere dei for dykk;

Kunnskap Aktivitet Tryggleik Utvikling Respekt

Desse verdiane beskriv det me vil at Høydalsmo skule skal stå for og arbeide mot. Kjerneverdiane skal vere retningsgivande og ei hjelp for å styrke visjonen vår;

Dine draumar, di framtid – vår felles utfordring.

Vurdering for læring er det store utviklingsområde dette skuleåret. Kommunen byrja med kursing av alle Tokke-lærarane siste halvår av skuleåret 2010/2011. I trå med tilføyingar (2009)i opplæringslovas forskrifter kap.3 om vurdering, har me stort fokus på at eleven veit kva dei kan, korleis dei skal forbetre seg og korleis forbetringa best skjer for dei. Eigenvurdering skal me og i den samanheng ha stort fokus på.

På Høydalsmo skule har me allereie gode rutinar for elevsamtaler. Me har to planlagde elevsamtaler i basisfaga i halvåret, og ein i dei andre faga. Me ser no nærare på utforminga av desse samtalene, slik at hensikta er i fokus.

Vidare har me oppgradera PC-parken vår med 15 berbare. Desse er det 9. og 10. klasse som får disponere. Storsatsinga på IKT på Høydalsmo skule held fram.

Minstemåla for basisfaga er på plass. Me vil i løpet av året utarbeide faste sjekk- punkter og rutinar på tilstak om måla ikkje vert nådd.

Helsing Dordi