Informasjon

Høydalsmo skule er ein barne - og ungdomsskule med 60 elevar. Skulen samlar elevar frå Høydalsmo, Smørklepp, Eidsborg, Kvålsgrend, område mot Øyfjell samt ungdomsskuleelevar frå Lårdal. Barnetrinnet er 3-dela og ungdomstrinnet er 3-dela.

Pilketur på Nøssevatn 2008Skulen vår ligg flott til ved Oftevatn. NM på ski blei arrangera i Høydalsmo i 2002, og løypene startar på skuleområdet. Vinterstid har vi skeisebane og flotte bakkar for å skli og hoppe på ski. Sommartid har me fotballbane, løpebane av rødgrus og ein sandvolleyballbane. Skulen ligg også ved ei flott strand. Me eig to båtar som me brukar i Oftevatn, og disponerar 8 kanoar som er populære på tur.

Skulen har eigen symjehall, velutrusta gymsal og disponerar samfunnshuset i skuletida. Sjølve hjarta på skulen er biblioteket. Det ligg midt i skulebygget, og saman med mediateket er det alltid mykje elevar her.

Me har felles kantine på torsdagar. Da blir det servera varm mat av 9. klasse. Elles har ungdomstrinnet felles spise - og inneordning kvar dag mellom haust - og vinterferie. På inneordninga kan elevane nytte gymsal og spel som air-hockey, billjard, bordtennis samt forskjellig bretspel. To gonger i halvåret har me songsamling kor elevane opptrer og stiller ut. Band har blitt meir og meir populære innslag på songsamlinga.

Høydalsmo skule fokuserar på basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Ved sidan av basisfaga er miljø og trivsel på skulen viktig for oss. Me opplev at skulen har eit veldig godt og trygt miljø kor elevane trivast. Elevane får tett fagleg oppfylgjing. I basisfaga gjennomfører lærarane 2 elevsamtaler i halvåret. Skulen har utarbeida eigne skjema for utviklingssamtala med mål for neste periode. Skjema blir arkivert slik at kvar elev har si eigen plan. 

Skulen har over mange år hatt Oftevatn-prosjektet kor me fylgjer vatn - og fiskekvaliteten i Oftevatn. Dette er eit prosjekt heile skulen er med om. Det har blitt satt mange garn og mengder av fisk har blitt veid og målt.

Høydalsmo skule er ein god skule å vere elev, og ein god skule å vere lærar.