Nytt

8. Klasse var på topptur til Oftefjell den 24.01.12. Det var blå himmel og strålande solskin. Mange gleda seg til dei skulle stå på ski, snowboard eller slalåm. Dei kunne ta med seg det dei ville stande nedover på. Turen oppover var tung og bratt. Me skulle gå samla, men det fungerte dårleg, for det var laussnø og tungt å gå i. Når ein gjekk oppover, kunne ein høyre bekken renne nedover under snoen. les meir..

Hei alle saman.
Då har desember kome med adventstid, kalender, myke kos og levande ljos. Her på huset er elevane godt i gang med øving til joletrefesten som i år er onsdag 14.desember kl.18.00. Gangane er fulle av song og drama, men det er og dagar med konsentrera fokus i sær på ungdomssteget der tentamenar blir gjennomført i desse dagar. Les meir

Fredag 9. desember kom idrettskretsen på besøk til skulen. Dei haldt eit basiskurs i kroppsøving for 9. og 10. klasse. Kurset var ein del av idrettskretsen sin satsing på aktivitesledere i skulen. Skulen har 4 aktivitesledere i 9. klasse, og dette kurset var ein videreføring frå tidligare kurs dei har gjennomført. Her kan de sjå film frå kurset. (lav kvalitet) 
Torsdag 24. november arrangerte Åmot Skule volleyballturnering for Høydalsmo, Rauland, Edland og Åmot. Høydalsmo stilte med 2 lag frå 8. klasse, eit frå 9. klasse og eit lag frå 10 klasse. Det blei ein flott dag med mykje godt spel og moro. 9. klasse vann si klasse, 8. klasse kom på 4. og 5. plass, og 10. kom på 4. plass. Bilete frå dagen finn du her.  
Tysdag 15.11 var det songsamling for skulen og alle i bygda. Det var ei slags lita opening av det flotte samfunnshuset vårt! Elevane frå heile skulen var med og bidrog med sang, dans og skodespel. Det var kjempeflott å sjå dei flinke elevane i aksjon. Bilete frå dagen finn du her

Høydalsmo skule hadde ein flott aksjonskveld og aksjonsveke i haust. Me samla inn pengar til UNISEF; Schools of Africa. Barnetrinnet sprang UNISEF-runden og ungdomsskulen hadde ein arbeidsdag lik Opperasjon dagsverk. Det blei samla inn 21 826 kroner! Tusen takk til alle elevane, og til alle dei som bidrog!