Vinje kommuneFyresdal kommuneKviteseid kommuneHjartdal kommuneSeljord kommuneNissedal kommune
Tokke kommune
Framside / Ledige stillingar / Stillingar

2. gongs kunngjering. Fast stilling som rektor ved Tokke skule. Id.nr. 180.

Tokke kommune

 

Tokke kommune ligg i Vest–Telemark og har om lag 2350 innbyggarar. Her er ein fantastisk vakker natur som vekslar frå lågland med fjord, elvar og innsjøar med marina, brygger og badeviker og til høgfjell med stille fjellvatn og viddelandskap. Her kan du bruke naturen både sumar og vinter. Spreidd busetnad med mange bygder og grender tek vare på kultur og tradisjonar. Samstundes har kommunen eit rikt og variert næringsliv som er med på å gjere kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein flott stad å bu. Kommunen har desentralisert tilbod når det gjeld skular og barnehagar. Dalen som ligg ved enden av Bandakkanalen er kommunesenter. Her finn du også vidaregåande skule, idrottshall, idrottsanlegg, ei av mange ljosløyper i kommunen, nytt og moderne kulturhus med mellom anna kino, symjehall og eit særs moderne bibliotek.

 

Rektor er den pedagogiske og administrative leiaren på skulen. Me søkjer etter ein tydeleg og samlande leiar som har evne til å ta avgjerder og utvikle skulen i samsvar med sentrale og lokale føringar. Me ynskjer ein person som er kreativ, løysingsorientert og open for endring og nytenking samstundes som han kan samarbeide med medarbeidarar og elevar for å skape eit best mogleg lærings– og arbeidsmiljø.

 

Tokke skule er ein 1 – 10 skule med om lag 170 elevar og ligg i Dalen sentrum. Skulen har også skulefritidsordning.

 

Skulen ligg ved sida av idrottsanlegg, idrottshall, nytt kulturhus og Vest–Telemark vidaregåande skule og nyttar sjølvsagt desse ressursane i sitt læringsarbeid. Tokke skule er ein dynamisk og utruleg spannande skule der personalet oftast jobbar i team. Ulike læringsarenaer er stadig under utprøving både inne på skulen og utanfor.

 Prosjektbasert læring, problembasert undervisning, IKT og digitale ressursar, digital læreplattform (Classfronter), entreprenørskap, lese– og skrivestimulering og tilpassa opplæring er mellom satsingsområda.

 

Den som vert tilsett, må ha høgare utdanning, pedagogisk kompetanse og relevant leiarrøynsle. Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på leiareigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet.

 

For nærare informasjon om stillinga kontakt kultur- og oppvekstsjef, Tove Palmork Haavelmoen, tlf. 350 75200.

 

Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår og fylgjer gjeldande lovar og reglar.

 

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling.

 

Det elektroniske søknadsskjemaet må fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato.

Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

 

Søknadsfrist:          29. juni 2010.

Sist oppdatert 14.06.2010