Fullstendig kunngjeringstekst - 100% vikariat som pedagogisk leiar ved f.t. Åmdals Verk oppvekstsenter. Id.nr. 260.
Det er ledig eit vikariat som pedagogisk leiar i 100% stilling ved f.t. Åmdals Verk oppvekstsenter, avdeling barnehage for oppstart snarast og fram til 30.11.2012.
Det er ynskjeleg at dei som søkjer har relevant utdanning og erfaring frå tilsvarande arbeid.
For meir informasjon om vikariatet; kontakt Jan Gunnar Breivik, rektor ved Åmdals Verk oppvekstsenter, tlf. 350 75 680 eller tlf. 40 40 77 59 eller konst. kultur- og oppvekstsjef Nils Gjerde, tlf. 350 75 200.
For stillinga gjeld:
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn i høgremenyen.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato.
Søknadsfrist: 18. februar 2012.
Sist oppdatert 02.02.2012