Fullstendig kunngjeringstekst. Ledige stillingar som badevakt ved f.t. Tokkebadet. Id.nr. 294.
• Vikariat p.g.a. sjukdom i 41,33% stilling (ved friskmelding fell denne vekk).
• Fast stilling 36% som kan fordelast på to personar.
Arbeidstid:
måndag kl. 16.45-19.15, tysdag t.o.m. fredag kl. 16.45-20.15, laurdag kl. 10.45-15.15. Periode: september månad til juni månad.
Krav:
God til å symje, påliteleg, samarbeidsviljug og serviceinnstilt. Livreddingskurs må ein vere viljug til å ta om ein ikkje har det frå før.
For stillingane gjeld:
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn i høgremenyen.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Du må oppgje i søknaden din om du søkjer vikariat eller fast stilling, eller båe stillingane.
Søknadsfrist: 10. august 2012.
Sist oppdatert 17.07.2012