40% vikariat 1 år som assistent i Høydalsmo barnehage. Id.nr. 286.
Høydalsmo barnehage er ein ei avdelings barnehage med ca. 14 born i alderen 1-5år.
Barnehagen ligg i naturskjønne omgivelsar med ljosløyper, turområde og strand i umiddelbar nærleik. Høydalsmo barnehage ligg og rett attmed Høydalsmo skule, som me har eit tett samarbeid med.
Me ynskjer søkjarar med relevant utdanning eller erfaring, som er personleg eigna, og aktivt vil vere med på å utvikle Høydalsmo barnehage. Du må vere ansvarleg, kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø, syne gode samarbeidsevne og eit personleg engasjement. Utviklingslyst og kreativitet er og eigenskapar me verdset i Høydalsmo barnehage.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetjing skjer i samsvar med lovar og reglar. Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar i barnehagen, Guri Romtveit på tlf. 350 75 290.
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn i høgremenyen.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg. Søkjer du på fleire av stillingane må det brukast eitt søknadsskjema til kvar stilling.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast
Dei som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato.
Søknadsfrist: 30. juni 2012.
Sist oppdatert 15.06.2012