Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta si oppgåve og rolle:

Formålet med skulehelsetenesta er å medverke til helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid blant born og ungdom. Skulehelsetenesta er ei lovpålagd teneste til alle born og unge, og er eit lågterskeltilbod som er gratis. Elevar og foreldre kan ta direkte kontakt, men skulen kan og vidareformidle kontakt.

Helsesøster har fast treffetid på skulane i Tokke.

Tokke skule fredag frå kl.08.30-11.00.

Høydalsmo skule tysdag frå kl.11.30-14.00.

Det er lege, helsesøster, og fysioterapeut tilknytt skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta omfattar tverrfagleg samarbeid, mellom anna med psykisk helsearbeider. Hos psykisk helsearbeider kan eleven kome å snakke, få veiledning, råd og hjelp i samband med psykiske problem.

Faste kontrollar:

1.   trinn: 1 klasse kontroll med lege, fysioterapeut og helsesøster på helsestasjonen
2.   trinn: Helsekontroll med difteri, stivkrampe, kikhoste (DTP) og poliovaksine på helsestasjonen.  
6.   trinn: Meslingar, kusma og røde hunder (MMR) vaksine på skulen. 
7.   trinn: 3 doser - livmorhalskreft (HPV) vaksine til jentene i 7 klasse, på skulen.
8.   trinn: Individuelle samtaler og vekt/høgdemåling, på skulen.
10. trinn: Individuelle samtaler, difteri, stivkrampe, kikhoste (DTP) og poliovaksine på skulen.  


Skulelege:

Skulelegen er ein del av fagteamet på helsestasjonen og har ein ettermiddag i månaden der helsesøster setter opp skulebarn/ungdomar,  med behov for legetime. Skulelegen er og tilknytt helsestasjon for ungdom (HFU) ein dag pr.veke.

Fagteamet på helsestasjonen består av lege, helsesøster og fysioterapeut og har faste møter før helsestasjonsdagar. Om lag to ganger pr. mnd.

Helsesøster:

- Helseundersøkingar og rådgjeving med oppfølging ved behov.
- Vaksinasjon.
- Helsesøster har treffetid på skulane ein dag i veka, men er og tilgjengleg dei andre dagane.
- Koordinerar ansvarsgrupper, oppfølging Individuell plan (IP).
- Helseopplysning, informasjon, rådgjeving, mellom anna smittevern.
- Undervisning ved behov, både elevar og lærarar.
- Støttar skulen i å legge til rette for gjennomføring av legemiddelhandtering.
- Helsesøster går inn i det lokale psykososiale kriseteam, dersom barn eller unge er ramma.
- Samarbeider med spesialisthelsetenesta ved behov, som BUP og HABU.- Helsesøster koordinerar tverrfaglege møte med BUP lokalt i basisgruppe enkeltsaker, fire ganger pr. år.

Fysioterapeut:

Helsesøster kan henvise eleven til fysioterapeut.

Fysioterapeut gjev individuell og gruppetrening til elevar med spesielle behov.

Kan og undervise  om kropp og fysisk aktivitet.

Helsepersonell har teieplikt, men nokre gonger må me i samråd med eleven og foreldra gå vidare med ting, og me kan henvise til ulike faginstansar. 

Me ynskjer eit nært samarbeid med elevar, skule og heim.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk