Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

FAU-SU

Alle foreldre som har born i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemmen overfor skulen.

FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

FAU er heimla i opplæringslova § 11-4

Oppgåver for FAU

  • Jobber for eit godt skulemiljø
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
  • Informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker
  • Arrangere samlingar for foreldre og lærarar
  • Samarbeide med elevråd, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar
  • Etablere kontakt mellom skule og lokalsamfunn

Leiar for FAU Tokke skule er Solveig Prestegård

Vedtekter for FAU Tokke skule

Leiar for FAU Åmdals Verk er Silje Merete Ø. Skjellaug

Samarbeidsutval (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ og der er alle partane i skulen representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

SU kan uttale seg om fylgjande:

  • Forslag til budsjett
  • Verksemd- og utviklingsplanar for skulen
  • Plan for heim-skule-samarbeid
  • Skulevurdering
  • Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
  • Prinsipp for val av bøker til skulearbeid
  • Fritidsaktivitetar
  • Skuleskyss
  • Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast
  • Ordensreglement

Leiar i SU Tokke skule er Jan Olav Kollberg

Leiar i SU Åmdals Verk er Mari Anette Solvang

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk