Velkommen til Byrte Oppvekstsenter

Nye heimesider for skule og barnehage er under oppbyggjing

sjå nettsida til

Kommunen

Som eit ytterpunkt i Tokke kommune mot grensa til Vinje ligg grenda Byrte, oppvekstsentret er plassert i midten av bygda nært inntil der Byrteåi munnar ut i Byrtevatn. Byrtevatnet er ein av dei viktigaste områda for produksjon av vasskraft som har gjeve Tokke kommune sin velstand.
Oppvekstsentret ligg pedagogisk bra plassert med eit flott uteområde for born i alle aldrar. Her er gode moglegheiter for fysisk aktivitet i alle årstider. Attmed oppvekstsentret er det fotballbane, lysløype, sykkelløype, badeplass. Delar av bygget blir også brukt mykje på kveldstid til ulike aktivitetar. Her kan nemnast aktivitetskvelden kvar måndag for borna med sal av pizza og mineralvatn. Idrettslagets faste treningar på onsdagane. Bygget blir også brukt til ein del kurs, marknadar og møte.
Me har også ein eigen trelavo som ligg med flott utsikt over Byrtevaten og bygda innanfor. Det er fint turterreng i området med kort veg til fiskevatn, toppturområde og bærskog. Me har eit positivt skulemiljø der eleven står i fokus. Noko ein merkar på dei positive tilbakemeldingane frå foreldre og born.

BOS er ein ny stelt kombinasjonsbygning som inneheld barnehage, skule og SFO med rektor som felles leiar. Det er 14 barn i skulen og 4 born (7plassar) i barnehagen. Barna er organisert i tre aldersblanda grupper, barnehagen, småsteget og mellomsteget (1-7.klasse). Skulekretsen femnar om Byrte og Mo, barnehagen er åpen måndag, onsdag og fredag. Oppvekstsentret er bra utstyrt med data, smartboard, eige KH rom, sløydrom, datarom og bibliotek.

 
            Einhjulsykkel 1          Einhjulsykkel 2  

            Einhjulsykkel 3          Einhjulsykkel 4

                               Einhjulsykkel 5


Bos har eit ekstra fokus på basisfaga norsk, engelsk og matematikk. Me har felles lunsj i barnehagen der skule elevar og barnehage born får heimbaka brød. Leik og moro er ein viktig faktor for trivsel som igjen gjev grobotn for god læring. Me har god tid til å sjå kvar elev noko som igjen gjev gode moglegheiter for bra tilpassa opplæring (TPO). Me driv med eitt sosialpedagogisk arbeid med fokus på sjølvtillitt og samhald på tvers av alderstrinn. Bos tilbyr leksehjelp for elevane, men også for elevar frå Byrte som går i ungdomsskulen på Dalen.