Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Fagtilbod i kulturskulen

Individuell undervisning 
Den individuelt tilpassa undervisninga går føre seg med 1 – 3 elevar til stades. Eleven lærer grunnleggande instrumentaltekniske ferdigheiter gjennom m.a. ved å trene på å lytte, lese, komponere, øve og framføre. Denne undervisninga er i endå sterkare grad lagt opp etter eleven sine føresetnader enn gruppeundervisning. Elevar med individuell undervisning kan få noko undervisning i samspel som ein naturleg musikalsk utvikling for den einskilde eleven.


Val av instrument

Ulike instrumentet set ulike krav til eleven. Generelt kan ein seie at born med ei normal motorisk utvikling kan ta til med instrumentalundervisning frå 8-10 års alder. Det viktigaste er likevel at eleven er motivert til å lære å spele eit instrument. Me voner også at elevane vil vera med i kor, korps og band for å utvikle seg enda meir på instrumentet sitt. Undervegs i undervisningsåret oppmuntrar me til innsats heime slik at utviklinga og framgangen får best mogleg grobotn.


Oversikt fagtilbod
Endringar i fagtilbodet kan kome. Tid og stad med atterhald.

I tillegg til alle desse tilboda jobbar me å få til ulike kurs. Kom gjerne med ynskjer, og fylg med på heimesidene til kommunen, kulturskulen sin facebookside.


NB. Påmelding for nye søkjarar, bytte av fag og utmelding. Frist: 1. juni og 1.desember. Elevar på venteliste får beskjed så snart det vert ledig plass på aktuelt undervisningstilbod.

Søk her.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk