Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Individuell undervisning

 Aktivitet   Anbefalt startalder
 Tangentinstrument    
 Piano Tangentinstrument er mykje brukt i alle typar musikk. Det du lærer i pianoundervisninga kan oftast overførast til andre tangentinstrument.    7-8 år
 Keyboard -
 
 Song    
 Vokal Eleven får undervisning i det personlige instrumentet; songstemmen, og lærer mellom anna pusteteknikk, formidling og korleis ein kan utvikla stemmen.  
 Strengeinstrument    
 Gitar Gitaren er eit hendig og svært allsidig instrument, som passer inn i så og sei alle stilartar. Elevane kan få undervisning i både el-gitar og akustisk gitar. Kan du spele gitar, vil du også kunne finne fram på ukulele, mandolin eller bass.  8-10 år
 Elbass El-bass er eit tøft instrument som er sentralt i bandsamanheng, og som kan nyttast i fleire sjangrar. Bør ha grunnopplæring på akustisk gitar fyrst.  8-10 år
 Slagverk    
 Trommesett Trommesett er sentralt i mange sjangrar, og grunnbestanddelen i eit kvart band. Eleven lærer å halde takta, spele ulike rytmemønster og få god slagteknikk. Meir fysisk krevjande enn slagverk, kan være lurt å prøve dette først.  9 år
 Skarptromme
   9 år
 Stortromme    9 år
 Messinginstrument    
 Kornett Ypparleg for nybegynnarar. Liknar på trompet, brukas i messingkorps.  
 Trompet Fint instrument som er lett å halde. Likner på kornett, men ulik i lyd og utsjånad. Blir brukt i mange sjangrar.  
 Althorn Lett å få lyd i og egner seg godt for nybyrjarar på grunn av beskjeden storleik.  
 Baryton Velklingande grovmessinginstrument som er lett å få lyd i. Også fin for nybyrjarar.  
 Tuba Det største instrumentet i messingfamilien. Lett å få lyd i, sentral i korpssamanheng. Ikkje anbefalt for barn under 13-14 år.  
 Trombone Brukt i mange musikalske samanhengar. Kling djupare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Egner seg for nybyrjar.  

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk