Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Næringsutvikling

Vi er fleire som jobbar med næringsutvikling på forskjellege fagområde; bedriftsutvikling og tilskott, reiseliv, landbruk og skog.

Denne sida er oppretta for å gjere det lettare for bedriftseigarar og dei som ynskjer å starte bedrift å finne informasjon dei treng for å kome vidare i utviklingsprosessar.

Tokke kommune er oppteken av å leggje til rette for eksisterande og ny næring i kommunen. Vi har næringsområder på Dalen og på Høydalsmo der det finst gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg finst det fleire mindre næringsareal. 

Tokke kommune ser det som sin viktigaste oppgåve å leggje til rette for næringsutvikling gjennom blanta anna rettleiing, regulering og rask byggesakshandsaming. For byggjesaker har vi kort sakshandsamingstid, og det er lett å få dialog med våre sakshandsamare for å forberede ein best mogleg prosess.

Ynskjer du å diskutere moglegheiter med oss i Tokke kommune, ta kontakt!

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk