Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Om Tokke kommune

Solnedgang HallbjønnsekkenFoto: Elisabeth Nordskog

Tokke kommune har 2250 inb. og eit areal på 980 km2. Lågaste punktet er Bandak på 72 m.o.h. og høgaste punkt er Kvannefjellet på 1537 m.o.h. Kommunen ligg i Vest-Telemark og grensar til kommunane: Vinje, Kviteseid, Fyresdal, Seljord og Valle/ Bykle i Setesdalen. Kommunen ligg i nordenden av Telemarks-kanalen om lag midt mellom Oslo og Stavanger.

Tokke kommune har tradisjon med industri og eksport av brynestein heilt frå viking-tida. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og heilt fram til 2. verdskrig.

Jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i kommunen og er framleis ei viktig næring.

Kraftutbygginga på 50-60-talet har gjeve gode inntekter slik at kommunen har kunna byggje ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv.

Kommunesenteret Dalen, med eventyrhotellet Dalen Hotel ( frå 1892 ), er prega av industriverksemder og handel/ tenesteytande verksemder.

I Tokke er det godt å bu for alle. Godt utvikla tenestetilbod med skular, barnehagar og eldreomsorg kopla mot industri og reiseliv gjer det godt å vere Tokke-buar. Vil du bu i sentrumsnær bustad, eige hus med romsleg tomt eller småbruk så kan det vere Tokke du ser etter.

Kommunen har 4 tettstader:

Dalen: Kommuneadministrasjon, Dalen Hotel, Vest-Telemark vidaregåande skule med allmenn- og yrkesfag, Tokke helse/legesenter, barnehage, handelssenter med  vare- og tenestetilbod, utestader, industriverksemder, kontor- og servicebedrifter, post- og bank i butikk, Dalen bryggje, administrasjonssenter for Statkraft.

Høydalsmo: Bygdesenter ved E134. Barne- og ungdomsskule,Vest-Telemark Kraftlag, alderspensjonat, barnehage, forretningar og serviceverksemder. Hytteutleige. Langrennsarena og Huka hoppanlegg (NM-arena i 2002). Minnestein om det første skirennet i Telemark – ”løypemøtet” på Ofte i 1866.

Åmdals verk: Bygdesenter ved riksveg 38. Skafså Kraftverk, Åmdals verk Gruver, skule 1-4 og barnehage, daglegvarer og hytteutleige.

Lårdal: Lårdal bryggje med campingplass, servering, gjestestoge og barnehage.

I Tokke vil du også finne livskraftige lokalsamfunn som Skafså, Austheii, Byrte, Mo og Froland

Kommunevåpenet

Tokke Kommunevåpen(svart bjørn på gul botn) er godkjent i statsråd.

Tokke kommune ligg i eit gamalt bjørneområde. Siste bjørnen vart skoten ved Bessefjell området i 2012, etter at han hadde oppøst folk i Tokke i lengre tid. 


Barnehagar og skular

Tokke kommune har to barnehagar og to skular. Dalen og Høydalsmo barnehage har i tillegg avdelingar i Byrte, Åmdals verk og Lårdal. Skulane er lokalisert til Høydalsmo og Dalen (Tokke skule). Tokke skule har avdeling på Åmdals verk.

Friluftsliv

Tokke kommune har opparbeidd og vedlikeheld fleire turstigar i heile kommunen. Det er godt med vilt i kommunen og vatna er fulle av fisk. Plantelivet er og interessant særleg rundt kommunesenteret Dalen og i Lårdal er det mange godbitar for folk som likar å studere planteliv. Du kan mest ikkje unngå å sjå elg og bever når du vitjar kommunen vår.

I Høydalsmo ligg Høydalsmo Skiarena med hoppanlegget Huka. Dette er eit moderne skianlegg som stettar krav til internasjonale renn. NM på ski, nordiske greiner, vart arrangert her i 2002 og seinare er det arrangert NM kombinert for lag fleire gonger og World Cup B for kombinert har vore her to gonger.

I alle tettstader er det bygd ut ljosløype for skiaktivitet.

På Hallbjønnsekken ligg Destinasjon Hallbjønn med hytter, leilegheiter, skitrekk og kafe/ restaurant. Her er det og opparbeidd løypenett for deg som ikkje køyrer alpint heile dagane.

Hallbjønnsekken er eit fint hytteområde med tilrettelagde felt for hyttebygging.

Næringsliv

Naturressursane er viktige for kommunen. Skogbruk, jordbruk og vasskraft er hjørnesteinar for liv og utvikling hjå oss. Scana har verksemder på Dalen. I tillegg har me lokalt eigde Dalen Mekaniske AS, attføringsverksemda Kvito AS og fleire mindre private verksemder.

Statkraft har kraftverk i kommunen og administrasjonsbygget for Region Øst ligg på Dalen i Tokke kommune. Vest-Telemark kraftlag har hovudsete i Høydalsmo.

Næringslivet har vakse siste åra med ca. 10 nye etablerarar kvart år. Dyrka areal og husdyr (særskilt sau og ammekyr) har halde seg oppe i Tokke kommune slik at kulturlandskapet framstår som tiltalande.

Reiseliv veks år for år. Dalen Hotel er internasjonalt kjent m.a. gjennom TV-program og tildeling av den internasjonale Europa Nostra-prisen.

I Tokke er kultur eit satsingsområde for utvikling av reiselivet gjennom fleire større museumsanlegg. Vest-Telemark Museum og Eidsborg Stavkyrkje, Grimdalstunet og Åmdals Verk Gruver er nær knytt tile reiselivssatsinga.

_


Det er godt å kome til Tokke enten du vil bu her eller berre vitje oss i ferien.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk