Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Lærar og Barnehagelærar stillingar

Lærarstillingar ID 556 og Barnehagelærar/pedagogisk leiar ID 557

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Tokke kommune har ledige lærarstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.18.

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Tokke kommune har to skular og ei vaksenopplæring.

 

Tokke skule:

            1-10 skule med 190 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.

På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.

Tokke skule Åmdals-Verk 

            1-4 skule med 12 elevar og 1,6 årsverk. 

            Desse to skulane har felles rektor/administrasjon.

            Særskild fagynskje:

Kunst og handverk, musikk, spes. ped, tysk, norsk som andre språk/andrespråkspedagogikk , engelsk 1 – 7.

Oppmodar søkjerar med anna fagutdanning til også å søkje !

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Tone Lunde Skaalen,

e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97 17 14 06    

Høydalsmo skule:

1-10 skule med 64 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale.

Skulen ligg i flotte omgivelsar og me brukar naturen aktivt i undervisninga. Me har uteskule på planen, har fast samarbeid med det lokale idrettslaget og har fokus både på skisport og orientering.

Fagynskje:

            Kontaktlærar, Spesialpedagogikk, musikk og kunst og handtverk.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Fosse Didriksen, e-post: dordi.iren.fosse.didriksen@tokke.kommune.no eller

mob.: 92 21 66 08    

Vaksenopplæring:

Tokke vaksenopplæring søkjer etter lærerar (pt. er det usikkert på trong).  Hovudoppgåver vil være undervisning, utarbeiding og oppfølging av individuell opplæringsplan, og tett samarbeid med andre lærerar på vaksenopplæringa. 

Fagynskje:

Det kreves godkjent lærerutdanning for stillinga.

Norsk som andrespråk, andrespråkspedagogikk, IKT, norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, kvalifisert til undervisning på ungdomstrinnet.

*)         Det tas atterhald om fortrinnsrett for interne søkjerar

            jf. arbeidsmiljølova §             14.3 7 og HTA kap. 1 § 2.3.                                                                                                         

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med oppvekst- og kultursjef Finn Arne Askje, e-post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no eller

mob.: 95 07 66 37    

Ynskjer du å vere ein del av eit pedagogisk fagmiljø, med fokus på fagleg- og pedagogiskutvikling, må du søkje jobb i Tokke!

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår – NB: Tokke har høgare lønn for tilsette med 0-16 års ansiennitet

adjunkt:       

Opptil kr 41 000,- pr. år i 100% stilling  *)

adjunkt med tillegg.:

Opptil kr 23 500 pr. år i 100% stilling *)

*) Høgast tillegg for dei med 0 og 2 års ans.



Tokke kommune har ledig stillingar, faste og vikariat, som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 01.08.18.

Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt.

Tokke har to barnehagar – med fire driftsstadar.

Dalen barnehage 

Dalen barnehage, har 6 avdelingar der ei avdeling ligg på Åmdals-Verk.  

Desse to barnehagane har felles styrar/administrasjon.

Dalen barnehage stod ferdig november 2013, og me kan by på store areal inne og ute.

I Dalen barnehage skal alle få oppleve å høyre til- , vennskap og leikegrupper er i fokus. Me brukar nærmiljøet på Dalen / Åmdals Verk til å gå på turar og utøve fysisk aktivitet. Me brukar bibliotek, symjehall og idrettshall. Hjå oss skal ein god kvardag spegle seg i tid og rom til leik, omsorg og tryggleik

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: mona.baatnes@tokke.kommune.no eller mob.: 95 90 11 12

Høydalsmo barnehage 

Høydalsmo barnehage, har 6 avdelingar der ei avdeling ligg i Lårdal.  

Høydalsmo barnehage har som hovudsatsningsområde språkstimulering og sosial kompetanse. Dette barnehageåret har me eit prosjekt; «bygda mi før og no», der me trekker inn alle fagområda i rammeplanen, spesielt «nærmiljø og samfunn». Men sjølv med eit slikt prosjekt har me alltid fokus på omsorg, tryggleik, samhald, barns medverknad og danning.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Andrea Lid Strømme, e-post: andrea.lid.stromme@tokke.kommune.no eller mob.: 95 92 85 46

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår – NB: Tokke har høgare lønn for tilsette med 0-8 års ansiennitet

Barnehagelærar     

kr 11 700 – 31 500,- pr. år i 100% stilling  (ans. 0-10 år)

                              16 års ans.:    kr 31 500,- over tariff

                                  

                             Tillegg for pedagogisk leiar: kr 25 000,-

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Skulle det bli fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.  

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå  www.tokke.kommune.no

Velkomen som søkjar!      

                                                                                   Søknadsfrist: 05. mars 2018  





Søk på stilling elektronisk.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk