Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledig fast stilling som vaktmeistar ved Tokke kommune f.t plan, næring og teknisk etat ID 574

Det er ledig ei 100% fast stilling som vaktmeistar ved eigedomsavdelinga i Høydalsmo og Lårdal, frå 01.08.2018.

Relevant fagbrev vil vera ein fordel, men erfaring frå yrket, ei positiv innstilling og interesse er  også viktige moment i vurdering av søkjarane.

Du må ha godt humør, evne til samarbeid og vere viljug til å arbeide på ulike arbeidsstader. Opplæring vil bli gjeven.

Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, og disponere eigen bil. Det er ynskjeleg med førarkort klasse BE.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å vende dykk til arbeidsformann Torgeir Midjås 350 75200.

For stillinga gjeld:

Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til

intervju.

Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast

Søknadsfrist: 23. juni 2018 



Søk på stilling elektronisk.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk