Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Me har ledig fast stilling som lærar i dans, Oppvekst-, kultur- og idrettsetaten - kulturskulen, inntil 20 % stilling frå 01.08.18. ID 577

Ein tek atterhald om politisk godkjenning at ein kan tilsetje i stillinga.

Informasjon om Tokke kommune, sjå www.tokke.kommune.no

Kvalifikasjonar for stillinga:

•  Relevant arbeidserfaring vert vektlagt

•  Ynskjer fortrinnsvis søkjarar som beherskar hip-hop dans.

•  Personlege eigenskapar og kommunikasjon vert vektlagt

•  Erfaring frå undervisning

•  Må ha førarkort og disponere eigen bil

Me kan tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Tilsetjingstilhøve etter gjeldande avtaleverk

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato.

Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Spørsmål om stillinga  kan rettast til rektor i kulturskulen, 41 51 68 57, e-post: ingvild.lilletvedt@tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 1. august 2018

Velkomen som søkjar!


Søk på stilling elektronisk.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk