Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Driftstilskot for privatpraktiserande fysioterapeut (ar) frå 01.01.19 – Avtaleheimel 1x100%, alternativt 2x60% - ID 579

Tokke kommune ligg i Vest-Telemark ved enden av Telemarkskanalen. Dalen er administrasjonsstad med ca. 850 innbyggjarar.

Her finnes det legesenter, barnehage, skule og vidaregåande skule.

Eventyrhotellet Hotel Dalen er ein av kommunens attraksjonar, saman med kanalbåtane.

Om vinteren er Høydalsmo og Hallbjønnsekken populære skiområde.

Tokke kommune lyser ut ledig avtaleheimel med 1x100% (alternativt 2x60%) driftstilskot, for privatpraktiserande fysioterapeut (ar) frå 01.01.2019

Kommunen søkjer etter autorisera fysioterapeut  med allmenn fysioterapi kompetanse, gjerne med tilleggsutdanning innanfor manuell terapi.

Avtaleheimelen er knytt opp til ein gruppepraksis ved Fysio Vital AS på Dalen, saman med fysioterapeut Vidar Vindal, som har 100% kommunalt driftstilskot.

Praksisen skal drivast i samsvar med lov om kommunale helse og omsorgstenester, og på dei vilkår som går fram av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.

Tildeling av avtaleheimel/driftstilskot vert føreteke av Tokke  kommune i samsvar med ASA 4313 og er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Det vil vere mogeleg å kjøpe seg inn i del av praksisen. Praksisoverdraging avtalas med Tokke kommune og må avtalast i samsvar med ASA 4313.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil verte vektlagde og referansar vil verte nytta.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Nærere informasjon om avtaleheimelen kan rettas til Avdelingsleder helse Marianne Skriudalen, tlf. 35 07 55 30/95783173


Søknadsfrist:        15. august 2018


Søk på stilling elektronisk.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk