Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.
Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.
Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Tokke kommune har ledige inntil 100% vikariat som lærar ved Tokke skule frå 01.08.19 til 31.07.20.

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Tokke skule:

            1-10 skule med 190 elevar og 30 tilsette.

            Fagynskje:

            Realfag i ungdomsskulen, men andre fag kan og verte aktuelle.

           

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Tone Lunde Skaalen,

e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97 17 14 06      

Ynskjer du å vere ein del av eit pedagogisk fagmiljø, med fokus på fagleg- og pedagogiskutvikling, må du søkje jobb i Tokke!

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.  

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå HER.

Søknadsfrist: 25. juni 2019

Velkomen som søkjar!       










tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk