Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tokke kommune lyser ut stillingar i helse og omsorgsetaten

Tokke kommune fortsetter å utvikle helse og omsorgstenestane.

Vi søkjer nå etter nye kollegaer i fleire av våre avdelingar. Er du interessert i å vera med på å utvikla tenestane våre?   Då er du kanskje vår nye kollega!

Tokke helsesenter – institusjon lyser ut fyljande stillingar:

2 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar ID 624

100 % vikarstilling natt som offenteleg godkjent sjukepleiar, i perioden 01.09.19 -01.09.20 ID 630

Personale på Tokke helsesenter arbeider i årsturnus, dette gjer at ein kan lage seg ynskjeturnus for eit heilt år.

Åheim bufellesskap lyser ut fyljande stillingar:

100 %  (ID 631) og 76 %  (ID 632) vikarstilling som offentleg godkjent vernepleiar i perioden 01.09.19 -01.09.20

Personale på Åheim arbeidar 12 timars vakter og 4. kvar helg

Vi søkjer primært etter vernepleiar med fagarbeider kan også søkje.

Heimetenesta lyser ut fyljande stillingar:

2 helgestillingar  17,84 % (ID 622) som fagarbeidar , gjerne med vidareutdanning innafor rus og psykisk helse

26,77% fast stilling som fagarbeidar, natt ID 633

50% fast stilling som fagarbeidar ID 634

20% vikarstilling som fagarbeidar i perioden 01.09.19-31.08.20 ID 635

Desse stillingane er i hovudsak knytt til ei spesifikk brukar

100 % vikarstilling som offentleg godkjent  sjukepleiar  i vikarbank frå dags dato  til og med mars 2020. ID 623

Stillingane omfattar arbeid 3. kvar helg.

Tokke kommune skal også utvikle dagaktivitetsavdelinga og søkjer difor etter:

100 % prosjektstilling frå dags dato, som offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar gjerne med vidareutdanning innafor demens, rehabilitering eller geriatri ID 627

For alle stillingar gjeld:

Du som søkjer skal  ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vera løysningsorientert, positiv og tolerant

Du skal like  å jobbe sjølvstendig og i team

Vera   kunnskapssøkjande og har fagleg fokus

Vi legg vekt på personleg egnaheit

Politiattest må leggast frem. Denne må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn HER. Om du vil søkje fleire av stilllingane, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.

Det elektroniske søknadsskjemaet fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Offentleg godkjent sjukepleiar i Tokke kommune har lønn etter lokal lønnsstige med startlønn på kr. 420.700. Tokke kommune er behjelpeleg til å skaffe bustad.

Ved intern omrokkering kan andre stillinger bli ledige. 

Ved spørsmål ta kontakt med avdelingseleiar:

Åheim bufellesskap May Anette Bratteså Sollie  tlf: 35075522

Institusjon Tokke helesesenter  og dagaktivitet  Ragna Iren Grave tlf: 35075531

Heimeitenestane Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35075521

Velkommen med din søknad!

Søknadsfrist:        30. juni 2019



tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk