Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Oppmåling



Oppmåling

Pris

Gebyr for arbeid etter matrikkellova (Lova § 32, forskrifta § 16)

Gjeldande frå 01.01.2019

1.1Oppretting av matrikkeleining

 

1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunnareal

 

Areal frå 0 - 2000 m2

kr 17 500

Areal frå 2001 m2 - auke pr påyrja da

kr 1 450

Der markarbeid ikkje er påkrevd, utløyser det halvt gebyr

 

 

 

1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

 

Pr sak uansett areal

kr 4 000

 

 

1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

 

Gebyr for oppmåling av uteareal pr eigarseksjon

 

Areal frå 0 2000 m2

kr 13 150

Areal frå 2001 m2 - auke pr påbyrja da

kr  1 450

 

 

1.1.4 Oppretting av anleggseigedom

 

Gebyr som for oppretting av grunneigedom

 

Volum frå 0 - 2000 m3

kr 6 470

Volum frå 2001m3 - auke pr påbyrja 1000 m3

kr 760

 

 

1.1.5 Registrering av jordsameige

 

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige blir fakturert etter medgått tid, basert på 1,2 promille av årsløn

 

 

 

1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

 

Viser til 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5. I tillegg kan det koma tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning

               kr 4 000

 

 

1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

 

Gebyr for utført arbeid når saka blir trekt førho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller av andre grunnar ikkje kan fullførast,er sett til1/3 av gebyrsatsane etter 6.1 og 6.2

 

 

 

1.3 Grensejustering

 

1.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

 

Ved gebyr for grensejustering, kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklassar gjelde

 

Areal frå 0 - 500 m2

kr 8 750

 

 

1.3.2 Anleggseigedom

 

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensaer sett til 1000 m³

 

Volum frå 0 - 250 m3

kr 3 260

Volum frå 251 - 1000 m3

kr 6 470

 

 

1.4 Arealoverføring

 

1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

 

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål

 

Areal frå 0 - 500 m2

kr 12 780

Arealoverføring pr nytt påbyrja 500 m2medfører auke av gebyret på

kr 715

 

 

1.4.2 Anleggseigedom

 

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna,ikkje vera registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan kun overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for sammenføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum

 

Volum frå 0 - 500 m3

kr 4 250

Volumoverføring pr nytt påbyrja 500 m2 medfører auke av gebyret på

kr 425

 

 

1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning

 

For inntil 2 punkt

kr 4 350

For overskytande grensepunkt pr punkt

kr 435

 

 

1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/ klarlegging av rettar

 

For inntil 2 punkt

kr 8 750

For overskytande grensepunkt pr punkt

kr 875

Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid

 

 

 

1.7 Privat grenseavtale

 

For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde

kr 1 450

For kvart nytt punkt eller påbyrja 100 m grenselengde

kr 145

Det blir valt billigaste alternativ for rekvirent

 

 

 

1.8 Urimeleg gebyr

 

Dersom gebyret openbart er urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gjeve fullmakt til av eige tiltak fastsette eit passande gebyr.
Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsette eit redusert gebyr

 

 

 

1.9 Betalingsstidspunkt

 

Gebyret kan krevjast inn forskotsvis

 

 

 

1.10 Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

 

Gjer rekvirenten under sakas gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, oppretthaldast likevel gebyret

 

 

 

1.11 Utferding av matrikkelbrev

 

Matrikkelbrev inntil 10 sider

kr 260

Matrikkelbrev over 10 sider

kr 500

Endring i maksimalsatsane regulerast av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga

 

 

 

1.12 Gebyr rekna ut etter medgått tid

 

Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsetjast ut frå reglane over, skal reknast ut etter medgått tid, timepris som svarar til 1,2 promille av brutto årslønn for den som utfører arbeidet i tillegg til kostnader med reise og eventuelt merkemateriell

 

 

 

1.13 Statlege gebyr og avgifter

 

Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr

 

 

 

1.14 Regulering av gebyrsatsar

 

Satsane vert kvart år regulert etter Statens kartverks indekstal for kart- og oppmålingsarbeid. Jamfør rundskriv frå skattedirektøren til skatteinspektørane dagsett 06.03.1970.



tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk