Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Fotokurs med Charlotte Døvle

Tokke Kulturskule arrangerar fotokurs, med instruktør Charlotte Døvle. Charlotte er utdanna grafisk designar og jobbar med å lage reiseblogg. Ho tar flotte foto frå heile verda. 

Deltakarane skal lære om forskjellige teknikkar for å ta foto, og korleis ein redigerar dei. Det er ingen krav til utstyr, ta med det du har, frå mobil til speilreflekskamera. Kurset er både på Dalen og i Høydalsmo.

Det blir arrangert to veker før jol, veke 48 og 49. Samt 5 veker på nyåret, vekene 2, 3, 5, 7 og 8. 

  • Tysdag frå 15:15-16:45. Born 10-13 år.
  • Tysdag frå 17:00-18:30. for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande
  • Onsdag frå 18:00 til 20:00 for vaksne.
  • Torsdag i Høydalsmo frå 16:30-18:30 for alle aldersgrupper.

Kostnad på kurset blir 350 kr for born og 600 kr for vaksne. 

Vi tar atterhald om nok påmeldte for å gjennomføre kurset.

Påmeldingsskjema finn du HER.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk