Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Idrettstipend 2017

Idrettsstipendet for Tokke kommune i 2017, blei delt ut under kommunestyrets julemiddag.

Stipendet skal gå til:
Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år
Oppvekstutvalet vedtek kven som skal få stipend, på bakgrunn av kriteria. 
Kriteriane er blant anna:
  • Må ha fylt 16 år i søknadsåret kan fylle 20 år i søknadsåret.
  • Må drive seriøs satsing innanfor ein idrett og syne til deltaking i konkurransar på nasjonalt nivå.
  • Må vere medlem av idrettslag eller klubb i Tokke kommune (kan gjerast unntak ved mindre idrettar der Tokke ikkje har eigen klubb innanfor den aktuelle grein og søkjaren er busett i Tokke).

I år gjekk stipendet til to unge og «framstormande» idrettsutøvarar, Mia Sæther Midtbø og Karl Christian Øvrebø.  Begge to har høge ambisjonar for si vidare sprotslege karriere.  

Mia er skiskyttar og går på idrettslinja ved Bø vidaregåande skule. Karl Christian er langrennsløpar og går andre året ved Sirdal skigymnas. 

Tokke kommune ynskjer begge lukke til vidare mot mål dei har innan skisporten.  


Idrettstipend

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk