Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt 2018

Ny renovasjonsforskrift og endra gebyr frå 01.01.2018.

Dette inneber at redusert standardabonnement bustad, høgstandard hytteabonnement og redusera hytteabonnement ikkje gjeld lenger.

For bustadeigedomar gjeld fylgjande:
Bustadeigedom kan søkje om miniabonnement dersom det er ein person i husstanden eller heimekompostering.
Bustadeigedom som er fråflytta seks – 6 månader eller meir og ikkje blir nytta som fritidshusvære, kan etter søknad få tidsavgrensa fritak i to – 2 år.

For fritidseigedomar gjeld fylgjande:
Når det gjeld fritidseigedomar er det no eit gebyr for alle fritidsbustader og det er standardabonnement.  Årsgebyret i 2018 er kr 1 975,- + mva = kr 2 468,75.
Det er høve til å søkje om fritak dersom:
- eigedomen ikkje er i bruk
- eigedomen ligg meir enn 2 km frå køyrbar heilårsveg.

Søknadsskjema ligg på heimesida til Tokke kommune under skjema og heiter
« Søknad om dispensasjon for fritak/endring av abonnement «.

Feiing og tilsyn frå 01.01.2018

Vest -Telemark Brannvesen melder om at ny lokal forskrift om feiing og tilsyn vart vedteken desember 2017.  Den nye ordninga gjeld alle bygg som har innstallert pipe/eldstad.

Vest-Telemark Brannvesen melder og om at det ikkje vil bli feiing/tilsyn av
bustader i 2018, berre av fritidsbustader.

Les meir om feiing og tilsyn av bustader/fritidsbustader på heimesida til Vest-Telemark Brannvesen.

Lokal forskrift om feiing og tilsyn med fyringsanlegg frå 01.01.2018.

Eigedomsskatt

Etter §15 i lov av 6.juni 1975 om eigedomsskatt til kommunane, er liste over eigedomsskattane for 2018 lagt ut til offentleg gjennomsyn på økonomiavdelinga i 3 veker frå torsdag 01.mars 2018. Skattesatsen er 0,7% på verk og bruk, etter kommunestyrevedtak 12.12.2017. Eventuell klage på utskrivinga av eigedomsskatt må vera innsendt til eigedomsskattekontoret/økonomiavdelinga innan seks veker frå skattelista er lagt ut eller skattesetelen/fakturaen sendt ut.  

Skattesetel for eigedomsskatt og innbetalingskort for 1.termin kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt er under utsending. 

Fullstendig oversikt over nye satsar finn ein her.
Bygg og eigedom
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk