Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kulturprisen 2018

 

Har du framlegg til kven som bør få Tokke kommune sin kulturpris?

Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har tilknyting til Tokke kommune. Dersom to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige kan prisen delast.

Veit du om ein eller fleire som fortener pris for innsatsen?

Tokke kommune oppmodar til å sende inn kreative og godt grunngjeve forslag!

Frist for innsending er 24. mars 2018.

Saka blir handsama av oppvekstutvalet. Prisen blir delt Vest-Telemark museum, Familiedag i Eidsborg, 19.august.2018.

Forslag skal sendast skriftleg til Tokke kommune ,storvegen 60, 3880 Dalen, eller som e-post til postmottak@Tokke.kommune.no

Tidlegare kulturprisvinnarar:

 

2016

Gunvor og Gard Mandt

 Omfattende dokumentering av lokalhistorie gjennom film. Ekteparet har filma og redigert mange viktige hendingar i Tokke frå 2005 til 2015.

2015

Gunstein Magne Seltveit

Engasjement og dugnadsarbeid gjennom arbeid og fritid, særskilt med fokus på barn og unge. Arbeidet med Skafså Fjellkyrkje.

2014

Høydalsmo idrettslag


2012

Einar Strand

Aktiv idrettsutøvar, dugnadsarbeid ut over det vanlege (Lårdalsstigen), årelange styreverv i Høydalsmo IL

2011

Anne og Gjermund Fles

Dugnadsarbeid ut over det vanlege innan idrett, museum, lokalsamfunn. Anne har skrive mange historiske spelstykkje og bok om oppvekst på husmannsplass i Bandakslid

2010

Oddvar Byggland

Dugnadsarbeid ut over det vanlege i Høydalsmo IL i over 50år

2009

Torgrim Otterholt

Generelt kulturarbeid, men spesielt for arbeidet for Lårdal Bygdemuseum, seinare Vest-Telemark Museum, i støttelaget og som styreleiar i ei årrekkje

2008

Arne T. Aabø

Generelt og allsidig kulturarbeid. Aktiv folkemusikar, skribent og idrettsutøvar, mellom anna

2007

Dagfinn Midtbø

Kulturarbeid, særskilt Grimdalstunet og Tokke historielag

2006

Zbigniew Radziej

Musikklivet i Tokke

2005

Ivar Haukelidsæter

Ruiplassen

2003

Olai Lie

Den eldste skihopparen i verda

1999

Tokke trekkspelklubb

Underhaldning og musikkglede i kvardagen

1997

Reidun og Finn Abrahamsen

Speidar- og  ungdomsarbeid

1996

Gunvald Solberg

Huka hoppanlegg i Høydalsmo

1995

Arthur Haugen

Sundagskulearbeid

1994

Nemnda for Åmdals Verk Gruver

Oppbygging av gruvemuseet på Åmdals Verk

1993

Arne O. Lie

Lagsarbeid, skriving og ålment kulturarbeid

1992

Klas Vistad

Kveding, lagsarbeid og ålment kulturarbeid

1991

Margit og Aslak Aasland

Felespel, skriving og husflidsarbeid

1990

Magnhild Gaastjønn og Margit Bergland (Dalen )

Bunadsarbeid m.m. / skriving

1989

Gunnar Aalandslid d.e. og Kristi Underdal

Husflidarbeid

1988

Ingerid og Kjell Fosli

Sundagskulearbeid

1987

Birger Bastiansen

Kartlegging av gruver og Åmdals Verk Gruver

 1986

Tokke husflidslag og Mo og Skafså bondekvinnelag

Lagsarbeid

1985

Ingebjørg Tveito

Skrivearbeid , dikt m.m.

1984

Kjell Stahl

Korps, kor og musikkliv elles

1983

Bjarne Herrefoss

Hardingfelespel

1982

Olav Grimdalen

Ålment kulturarbeid og lagsarbeid

1981

Tarjei Haugo og Nils K. Lio d.e

Smedarbeid





Grimdalstunet
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk