Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kunngjering av planvedtak

Kommunestyret i Tokke vedtok i møte 14. juni fylgjande planar:

I medhald av Plan- og bygningslova § 11 - 15:

Samfunnsdelen av kommuneplanen 2016 – 2028

Kommunestyret sitt vedtak om kommuneplanen kan ikkje påklagast.

Vedteken plan finn du her.

 

I medhald av Plan- og bygningslova § 12 - 12:

Reguleringsplan for 137/3, del av Glosliheia 1 - Skafsåheia

Planen gjeld framføring av vegar og ei ny tomt i gjeldande hyttefelt på Glosliheia 1 på Skafsåheia. Vedtaket finn du her.

 

Reguleringsplan for E134 del av parsell Morgedal – Mostøyl og Mostøyl – Høydalsmo: Endring

Planendringa gjeld oppgradering av planar for utbetring av E 134 med vegbreidde 8,5 meter, betra linje- og stigningstilhøve. Nye areal til massedeponi og mellombels areal til omkøyringsvegar i anleggstida er også teke med i planendringa som er fremja av Statens vegvesen. Vedtaket finn du her.

 

Reguleringsvedtaka etter Pbl § 12 – 12 kan påklagast i medhald av Pbl. § 1- 9. Ei klage må fremjast skriftleg seinast tre veker etter at ein fekk kjennskap til vedtaket, jfr. fvl. §§ 28 og 29. Klaga skal rettast til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk