Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kurs for nye næringsdrivande

Skatt sør tilbyr gratis kurs for nye næringsdrivande i 2018

Kurset inneheld grunnleggande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og litt om krav til rekneskap. Det passar difor også for dykk som går med tankar om å starta, men som endå ikkje har registrert organisasjonsnummer i Enhetsregisteret.
Kurset varar 4 timar og blir gjennomført anten på kvelds- eller ettermiddagstid. Merk at det er separate kurs for dei to organisasjonsformene enkeltpersonføretak og aksjeselskap.

Kursa blir arrangerte i Kristiansand, Skien, Tønsberg, Drammen, Hønefoss og Fyresdal. 

For 2019 blir det og planlagt eit nytt kurs i Bø i Telemark i mars.
Stad/dato og høve til påmelding finn de HER.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk